Ruteretur

Brødrene Dale AS er medlem av Ruteretur, som er det einaste godkjente returselskapet for PCB-ruter.

Kva er PCB? PCB er ein av dei farlegaste miljøgifta, som er eit klorhaldig og oljeliknanade stoff som vart utvikla på 1920-talet. Ei enkelt rute er nok til å forureinse mange mål med jord som medfører alvorleg skade på helse og miljø. Det er isolerglaslimet i PCB-ruta som inneheld miljøgifta og er farlig avfall. Limet er skjult i vinduet si ramme. PCB-haldige isolerglassruter utgjer ingen fare så lenge ruta er i bruk og er heil. Det er først når rutene skal utskiftast at dei vert rekna som farleg avfall og skal behandlast deretter. PCB vart nytta i isolerglassruter på 60- og 70-talet.

Dette er PCB-ruter – Ruteretur

Kven er Ruteretur? Det er eit non-profitt selskap, eigd av bransjen sjølv, via sentrale organisasjonar i bygg- og anleggsbransjen. Ruteretur sørgar for at produsenter og importører av isolerglass får ivaretatt sine forpliktelser på en trygg og kostnadseffektiv måte.

Kva gjer Ruteretur? Selskapet ser til at miljøgifta PCB ikkje skal havne på avveie, som vart nytta i isolerglassruter på 60- og 70-talet. Til tross for at det er over 40 år sidan det vart forbod mot å bruke PCB, eksisterer det fortsatt mange produkt og materialar som inneheld PCB ute på markedet. Det er viktig at PCB-haldig avfall vert levert til godkjent avfallsmottak slik at miljøgifta vert destruerert på ein forsvarleg måte. Ruteretur har dei siste åra samla inn ca. 34 000 PCB-ruter årleg. Dei har innsamlingssystem som omfattar nærare 400 kommunale innsamlingspunkt som dekkar heile landet, som sikrar godt tilbod for innlevering av PCB-ruter.

Medlemsbevis for 2023:

 

 

Kjelde: Ruteretur – Returordning for kasserte PCB-holdige isolerglassruter