Bruksområde
Portane er utvikla med tanke på isolerte rom i landbruket, slik som rotvekstrom, lager og liknande. Portane eignar seg også godt til reiskapshus, garasje og liknande, der det er behov for ein stor, isolert port. Fordelen med desse portane er at dei er reparerbare. Portane er så store at ein kan kjøre med traktor gjennom døropningane.
Leveringsprogram
Portane vert levert som standard med ulike breidde- og høgdemål. Dei ulike standardmåla, prisane og artikkelnr. går fram av prislista. Dei kan leverast med dør i porten. Døra er ei vanleg A-dør.
RU-/RM-porten er ikkje lagervare. Portane blir produsert etter bestilling. Ønskjer De eit anna mål enn det som er oppgitt her, ring oss for pris. Leveringstid for desse portane vil vere frå to til seks veker. Leveringstid vil bli oppgitt ved bestilling. Vi kan også levere portane med panel. Du vil dermed få ein port som tilfredsstiller alle krav til miljø når ein tenker på arkitektur. Ring oss om pris og leveringstid.
Konstruksjon
Portane er produsert av 63×125 mm gran, splitta, endesnudd og laminert saman. Dørbladet har i tillegg to ståande innlegg.
Teknisk spesifikasjon
Karm |
Materiale av Furu OS |
Dørstamme | Materiale av Gran Dimensjon: 55 x 106 mm |
Dekkplate | 9 mm Combi filmbelagt kryssfiner |
Terskel | Portane vert levert med kanaljernterskel som standard |
Tetningslist | Silikon slangelist 12 mm |
Vridar | 2 stk justerbare tetningsvridarar |
Låskasse | TrioVing 2014 |
Hengsler | Spesialkonstruerte hengsler for store, tunge portar. Bere-evne 2 tonn |
Isolasojon | 55 mm 60 kg/m3 steinullmatte |
Behandling | Dørkarmen er vakuum-impregnert Dørblada er kantforsegla med maling |
U-verdi | 0,64 |
Feltlåsing | Tetningsskåte |
Dørblad | 73 mm tjukt |