Brødrene Dale AS starta opp i 1947. Fabrikken ligg i Dalsbygd ca. 30 minutt køyring i frå Volda sentrum på søre Sunnmøre. Kommunikasjon og transportsystemet er godt utbygd, og vi sender varer over heile landet!

Bedrifta har heilt sidan 60-talet spesialisert seg på vindu og dører til landbruket, og er i dag heilt i toppen når det gjeld desse produkta. Dette gjeld både kvalitet og produktspekter, for vi har investert i moderne maskiner og dyktige fagfolk. Fabrikken har eige impregneringsanlegg for grunnbehandling og eit moderne lakk/beisanlegg for overflatebehandling av produkta.

Vårt mål er å tilby eit mangfaldig utval, både standard- og spesialtilpassa kvalitetsprodukt for ulike bruksområde.

Her finn du oss: