Fjøsdøra er utvikla ved fabrikken i samarbeid med Institutt for Tekniske fag ved NLH på ÅS. Døra har vore produsert ved fabrikken sidan 1980 med kontinuerlege forbetringar.
Bruksområde
Fjøsdøra er spesialtilpassa driftsbygningar, og då frå husdyrrom og ut, og der kravet til fasade er større enn kravet til vedlikehaldsfrie dører. Døra tåler vatn og vasking med høgtrykksspylar. Døra tåler spark og hardhendt handsaming av dyra. Døra er spesielt berekna brukt der kravet til fasade og tun/ miljø er stort. Døra eignar seg godt også til reiskapshus, verkstad, lager og liknande, der det er behov for ei solid dør.
Leveringsprogram
Fjøsdøra vert levert som standard med ulike breidde- og høgdemål, som 1.fl dør, 1,5 fløya dør og 2 fløya port. Dei ulike måla, prisane og artikkelnr. går fram av prislista. Vi produserer også døra etter spesialmål. Ring oss om pris og leveringstid.
Konstruksjon
Dørbladet er produsert av 63×125 mm gran, splitta, endesnudd og laminert saman. Dørbladet har i tillegg to ståande innlegg.
Teknisk spesifikasjon
Karm |
Materiale av Furu OS |
Dørstamme | Materiale av Gran Dimensjon: 55 x 106 mm |
Dekkplate | 9 mm Sintex-spora vannfast kryssfiner |
Terskel | 1 fl og 1,5 fl dører Merbau hardtre terskel. 2 fl portar vert levert uten terskel som standard |
Tetningslist | Silikon slangelist 12 mm |
Vridar | Justerbar tetningsvridar |
Hengsler | Varmgalvaniserte blad-hengsler med messingtapp |
Isolasojon | 55 mm 60 kg/m3 steinullmatte |
Behandling | Dørkarmen er vakuum-impregnert |
U-verdi | 0,64 |
Feltlåsing | 2 fløya dører har bolteskoter til låsing av felt som standard |
Dørblad | 73 mm tjukt |