Fjøsdøra er utvikla ved fabrikken i samarbeid med Institutt for Tekniske fag ved NLH på ÅS. Den har vore produsert ved fabrikken sidan 1980 med kontinuerlege forbetringar.
Bruksområde
Fjøsdøra er spesialtilpassa driftsbygningar, og då frå husdyrrom og ut. Døra tåler vatn og vasking med høgtrykksspylar. Den tåler spark og hardhendt handsaming av dyra.
Døra eignar seg godt også til reiskapshus, verkstad, lager og liknande, der det er behov for ei solid dør.
Leveringsprogram
Fjøsdøra vert levert som standard med ulike breidde- og høgdemål, som 1.fl dør, 1,5 fløya dør og 2 fløya port. Dei ulike måla, prisane og artikkelnr. går fram av prislista.
Vi produserar også døra etter spesialmål. Ring oss om pris og leveringstid.
Vi kan også levere døra med panel. Døra vil dermed få ein utsjånad som tilfredsstiller alle krav til miljø når ein tenkjer på arkitektur. Ring oss om pris og leveringstid
Vi produserar også døra etter spesialmål. Ring oss om pris og leveringstid.
Vi kan også levere døra med panel. Døra vil dermed få ein utsjånad som tilfredsstiller alle krav til miljø når ein tenkjer på arkitektur. Ring oss om pris og leveringstid
Konstruksjon
Dørbladet er produsert av 63×125 mm gran, splitta, endesnudd og laminert saman. Ramma er i tillegg klaua, tappa og limt saman. Dørbladet har dessutan to ståande innlegg.
Teknisk spesifikasjon
Karm |
Materiale av Furu OS |
Dørstamme | Materiale av Gran Dimensjon: 55 x 106 mm |
Dekkplate | 9 mm Combi filmbelagt kryssfiner |
Terskel | 1 fl og 1,5 fl dører Merbau hardtre terskel. 2 fl portart vert levert uten terskel som standard |
Tetningslist | Silikon slangelist 12 mm |
Vridar | Justerbar tetningsvridar |
Hengsler | Varmgalvaniserte blad-hengsler med messingtapp |
Isolasojon | 55 mm 60 kg/m3 steinullmatte |
Behandling | Dørkarmen er vakuum-impregnert Dørblada er kantforsegla med maling |
U-verdi | 0,64 |
Feltlåsing | 2 fløya dører har bolteskoter til låsing av felt som standard |
Dørblad | 73 mm tjukt |