img_5601

Brødrene Dale AS starta opp i 1947, og tredje generasjon er no i ferd med å overta bedrifta.

Produksjonen har variert – frå å starte med soveromsmøblar og kjøkkenskap til vindu og dører.

Frå 1963 har fabrikken spesialisert seg på vindu og dører til landbruket, og er i dag heilt i toppen på desse produkta. Dette gjeld både kvalitet og produktspekter.

Fabrikken ligg i Dalsbygd i Volda kommune på Sunnmøre. Kommunikasjon og transportsystemet er godt utbygd.

Brødrene Dale AS har investert i moderne maskiner og dyktige fagfolk.

Bedrifta har eige impregneringsanlegg for grunnbehandling og eit moderne lakk/beisanlegg for overflatebehandling av produkta.

Vårt mål er å tilby eit mangfaldig utval, både standard- og spesialtilpassa kvalitetsprodukt for ulike bruksområde.

Kontakt oss

Har du spørsmål til oss, er du meir enn velkomen til å ta kontakt.

Det gjer du via:
Telefon: 70074480
Fax: 700 74 490
E-post: firmapost@dale-as.no
Postadresse: Dalsbygd, 6120 Folkestad