RUJ og RMJ

OM PORTANE
Portane er utvikla ved fabrikken i samarbeid med Institutt for Tekniske fag, NLH på ÅS. Dei har vore produsert ved fabrikken sidan 1984 med kontinuerlege forbetringar.

BRUKSOMRÅDE
Portane er utvikla med tanke på isolerte rom i landbruket, slik som rotvekstrom, lager o.l. Portane eignar seg også godt til reiskapshus, garasje o.l der det er behov for ein stor, isolert port. Fordelen med desse portane er at dei er reparerbare. Portane er så store at ein kan kjøre med traktor gjennom døropningane.

LEVERINGSPROGRAM:
Portane vert levert som standard med ulike bredde- og høgde-mål. Dei ulike standardmåla, prisane og artikkelnr. går fram av prislista. Dei kan leverast med dør i porten. Døra er ei vanleg A-dør.

RU/RM porten er ikkje lagervare. Portane blir produsert etter bestilling. Ønskjer De eit anna mål enn det som er oppgitt her, ring oss for pris. Leveringstid for desse portene vil vere frå 2-6 veker. Leveringstid vil bli oppgitt ved bestilling. Vi kan og levere portane med panel. Du vil dermed få ein port som tilfredsstiller alle krav til miljø når ein tenker på arkitektur. Ring oss om pris og leveringstid.

KONSTRUKSJON:
Portane er produsert av 63x125 mm gran, splitta, endesnudd og laminert saman. Dørbladet har i tillegg to ståande innlegg.





Fabrikk, telefon: 70074480, fax: 700 74 490 - firmapost@dale-as.no
Adresse: Dalsbygd, 6120 Folkestad

Butikk, telefon: 700 74 499 - fax: 700 74 490
Adresse: Ivar Aasengt 18. 6150 Ørsta