APJ
OM FJØSDØRA
Fjøsdøra er utvikla ved fabrikken i samarbeid med Institutt for Tekniske fag, NLH på ÅS. Døra har vore produsert ved fabrikken sidan 1980 med kontinuerlege forbetringar.

BRUKSOMRÅDE
Fjøsdøra er spesialtilpassa driftsbygningar, og då frå husdyrrom og ut, og der kravet til fasade er større enn kravet til vedlikehaldsfri dør. Døra tåler vatn og vasking med høgtrykksspylar. Døra tåler spark og hardhendt handsaming av dyra. Døra er spesielt berekna brukt der kravet til fasade og tun/ miljø er stort. Døra eignar seg godt også til reiskapshus, verksted, lager og liknande, der det er behov for ei solid dør.

LEVERINGSPROGRAM:
Fjøsdøra vert levert som standard med ulike bredde- og høgde-mål, som 1.fl dør, 1,5 fløya dør og 2 fløya port. Dei ulike måla, prisane og artikkelnr. går fram av prislista. Vi produserer også døra etter spesialmål. Ring oss om pris og leveringstid.

KONSTRUKSJON:
Dørladet er produsert av 63x125 mm gran, splitta, endesnudd og laminert saman. Dørbladet har i tillegg to ståande innlegg.





Fabrikk, telefon: 70074480, fax: 700 74 490 - firmapost@dale-as.no
Adresse: Dalsbygd, 6120 Folkestad

Butikk, telefon: 700 74 499 - fax: 700 74 490
Adresse: Ivar Aasengt 18. 6150 Ørsta