Impregnering

Alle vindu frå Brødrene Dale AS er vakuummimpregnerte mot sopp og råte – også dei produkta som vert beisa eller måla. Dette vert gjort for å sikre maksimal kvalitet og levetid.

Impregneringstanken ved Brødrene Dale AS

  • Impregnering vert gjort etter at delane er ferdig bearbeidde (profilerte og tappa/klaua). Dette gjer at falsar og tappar vert beskytta mot inntrenging av vatn før montering.
  • Tre må beskyttast mot inntrenging av vatn. Den mekaniske styrken til tre er svært god i forhold til vekta.
  • Tre har eit dårleg vern mot råtesopp. Dette kan ein unngå med overflatebehandling med vassavvisande midlar eller med ein konstruksjon som gjer at treverket tørkar raskt. Furu kjerneved innheld ein del stoff frå naturen si side, som gjere den motstandsdyktig mot råtsopp.
  • Furu ytterved kan behandlast med kjemikalier som hindrar råte. I ytterved kan ein ved hjelp av vakuumsprosess få denne væska omlag 6 millimeter inn i veden.
  • Alle vindu og dører frå Brødrene Dale AS er produsert i furu, og samtlige er vakuumimpregnerte etter denne metoden, med oljebaserte produkt.

Etterbehandling av vindu og dører

Brødrene Dale AS sine produkt har fått den grunnleggande impregneringa. Det er likevel viktig at vindua/dørene vert etterbehandla med beis eller måling så snart dei er montert. Dette er dersom vindua/dørene ikkje vert etterbehandla hjå Brødrene Dale AS.