CJJ

Fjøsdøra er utvikla ved fabrikken i samarbeid med Institutt for Tekniske fag ved NLH på ÅS. Døra har vore produsert ved fabrikken sidan 1967 med kontinuerlige forbetringar.

Bruksområde

Fjøsdøra er spesialtilpassa driftsbygningar, og då innvendige veggar frå gang, mjølkerom, dusj, kontor og mellom gang og fjøs. Døra tåler vatn og vasking med høgtrykksspylar. Døra eignar seg godt også til reiskapshus, verkstad, lager og liknande, der det er behov for ei innerdør med tilfredsstillande kvalitet.

Leveringsprogram

Fjøsdøra vert levert som standard med ulike breidde- og høgdemål, som 1.fl dør. Dei ulike måla, prisane og artikkelnr. går fram av prislista. Vi produserer også døra etter spesialmål. Ring oss om pris og leveringstid.

Konstrukson

Dørbladet er produsert av 32x92mm gran, splitta, endesnudd og laminert saman. Ramma er stifta saman, og har i tillegg to ståande innlegg 16×32 mm.

Teknisk spesifikasjon

Karm

Materiale av Furu OS
Dimensjon:  44 x 92 mm
Impregnert overflate

Dørstamme Materiale av Gran
Dimensjon: 32 x 90 mm
Dekkplate 4 mm eller 6,5 mm Combi filmbelagt kryssfiner
Terskel Merbau hardtre terskel
Tetningslist Inga tetningslist
Vridar Vert levert uten vridar som standard
Låskasse TrioVing 2014
Hengsler Varmgalvaniserte bladhengsler type IPA
Isolasojon 32 mm, Styropor, brannh.
Behandling Dørkarmen er vakuum-impregnert
Dørblada er kantforsegla med maling
U-verdi Ikkje testa
Feltlåsing 2 fløya dører har bolteskoter til låsing av felt som standard
Dørblad 40 mm tjukt

Legg igjen en kommentar