AJJ – Glatt

Fjøsdøra er utvikla ved fabrikken i samarbeid med Institutt for Tekniske fag ved NLH på ÅS. Den har vore produsert ved fabrikken sidan 1980 med kontinuerlege forbetringar.

Bolteskote er inkludert i prisen.

Bruksområde

Fjøsdøra er spesialtilpassa driftsbygningar, og då frå husdyrrom og ut. Døra tåler vatn og vasking med høgtrykksspylar. Den tåler spark og hardhendt handsaming av dyra.
Døra eignar seg godt også til reiskapshus, verkstad, lager og liknande, der det er behov for ei solid dør.

Leveringsprogram

Fjøsdøra vert levert som standard med ulike breidde- og høgdemål, som 1.fl dør, 1,5 fløya dør og 2 fløya port. Dei ulike måla, prisane og artikkelnr. går fram av prislista.
Vi produserer også døra etter spesialmål. Ring oss om pris og leveringstid.

Vi kan ogs levere døra med panel. Døra vil dermed få ein utsjånad som tilfredsstiller alle krav til miljø når ein tenkjer på arkitektur. Ring oss om pris og leveringstid.

Konstruksjon

Dørbladet er produsert av 63×125 mm gran, splitta, endesnudd og laminert saman. Ramma er i tillegg klaua, tappa og limt saman. Dørbladet har dessutan to ståande innlegg.

Teknisk spesifikasjon

Karm

Materiale av Furu OS
Dimensjon:  55 x 115 mm
Impregnert overflate

Dørstamme Materiale av Gran
Dimensjon: 55 x 106 mm
Dekkplate 9 mm Combi filmbelagt kryssfiner
Terskel 1 fl og 1,5 fl dører Merbau hardtre terskel. 2 fl portart vert levert uten terskel som standard
Tetningslist Silikon slangelist 12 mm
Vridar Justerbar tetningsvridar
Hengsler Varmgalvaniserte blad-hengsler med messingtapp
Isolasojon 55 mm 60 kg/m3 steinullmatte
Behandling Dørkarmen er vakuum-impregnert
Dørblada er kantforsegla med maling
U-verdi 0,64
Feltlåsing 2 fløya dører har bolteskoter til låsing av felt som standard
Dørblad 73 mm tjukt

Legg igjen en kommentar