Impregnering/Råtebeskyttelse
Alle vindu frå Brødrene Dale AS er vakumimpregnerte mot sopp og råte også dei produkta som vert beisa eller måla. Dette vert gjort for å sikre maksimal kvalitet og levetid.
Impregneringstanken
Impregneringstanken ved Brøderen Dale AS. Impregnering vert gjort etter at delene er ferdig bearbeiddematerial, (profilerte og tappa/klaua). Dette gjer at falsar og tappar vert beskytta mot inntrenging av vatn før montering.

|
Tre må beskyttast mot inntrenging av vatn. Den mekaniske styken til tre er svært god i forhold til vekta.
Tre har ei dårleg vern mot råtesoppar. Dette kan unngåast med overflatebehandling med vatnavvisande midlar eller med ein konstruksjon som gjer at treverket turkar raskt. Furu kjerneved innheld ein del stoff frå naturen si side, som gjer den motsandsdyktig mot råtsopp.
Furu ytterved kan behandlast med kjemikaliar som hindrar råte. I ytterved kan ein ved hjelp av vacuumsprosess få denne væska ca 10 mm inn i veden.
Alle vudu og dører frå Brødrene Dale AS er produsert i furu, og samtlige er vacuumimpregnerte etter denne metoden, med oljebaserte produkt.
Vi er tilslutta Norsk Impregneringskontroll, og impregnerer til krava til NS. (sjå under)
Brødrene Dale AS har sertifiseringslisens (855 NIK. NR 27 NS-EN 351, del 1 og 2 med NTR-dokumenter) for Heltre behandlet med trebeskyttelsesmiddel.
Etterbehandling av vindu og dører
Brødrene Dale AS sine produkt har fått den grunnleggande impregneringa. Det er likevel viktig at vindua/dørene etterbehandlast med beis eller maling, så snart dei er montert. Detter dersom vindua/dørene ikkje blir etterbehandla hos Brøderene Dale AS.
|